Gå til hovedinnhold

Om oss

Ei familiebedrift med historie heilt tilbake til 1948

Limpå held til i Stryn, og er ein del av Fluor‑Lux , ei familiebedrift med historie heilt tilbake til 1948.

Med Sigmund Kjøsnes, som i årevis eksperimenterte fram eit sjølvlysande produkt. Først brukt i fiskereiskap, så seinare i sikkerheits skilt. Sigmund hadde trua og såg tidleg at dette kunne bli noko meir, det kunne bli ein leveveg for heile familien, og vi kunne gjere noko for samfunnet med produkta våre.

Farmopr pg farfar

Oddlaug Kjøsnes og Sigmund Kjøsnes

om oss

Knut Sandbakk med standardskilt i 1986

På 1970‑talet kom vendepunktet. Fluor‑Lux lærte seg faget silketrykk, og oppfinninga fekk eit nytt liv. Det som starta i sjøen, fann vegen opp på land, og vidare inn i noko langt større. Merking og skilt, og der er vi den dag i dag.

Så kom oljeindustrien i Nordsjøen med full fart. Ei ny industri voks fram. Komplekse miljø, internasjonale arbeidsplassar, og med dette avdekka man eit behov for noko heilt grunnleggande nytt. Eit språk som alle kunne forstå. Fluor‑Lux var med å utvikle dette språket, i staden for tekst på skilta, så kom symbol. Symbolstandarden for den norske offshoreindustrien. Eit system som gjorde det enklare å orientere seg, tryggare å arbeide og mogleg å forstå kvarandre, uansett språk og bakgrunn.

Det er ikkje berre ein idé. Det er noko vi faktisk har vore med å byggje.

One world - One Language

I dag står Fluor‑Lux sterkare enn nokon gong.
Med ein av dei største maskinparkane i Nord‑Europa, moderne produksjon og ei rolle som samarbeidspartner for både industri og internasjonale aktørar.

Men det viktigaste har aldri vært alle maskinene. Det har alltid vært det same som i starten. Å finne enkle løysinger basert på ekte behov, og med menneska i sentrum

Frå sjølvlysande fiskesluk, til skilt i verdas mest krevjande miljø, og videre til nye idear som får lov å vekse fram.

Historia er den same. Berre uttrykket som endrar seg.

om oss
om oss
om oss

Limpå har vært ein ide og ein tanke i Fluor-Lux over lengre tid.

I 2020 blei ideen vidareutvikla gjennom ei bacheloroppgåve ved BI, gjennomført av Vilde Kjøsnes. Det blei starten på noko nytt, ei utforsking av eit kvardagsproblem, enkle løysingar og korleis små produkt kan ha stor betydning i praksis.

Prosjektet blei sett i gang, prøvd ut og utvikla vidare, før det fekk ein naturleg pause. Den pausen har gitt oss rom til å samle meir erfaring, sjå ideen i eit større perspektiv og modne konseptet vidare innenfor rammene av ein etablert familiebedrift.

Med Hermine Kjøsnes kom ny energi, det vart rydda plass, no er tida inne, no gjer vi det.

Med erfaring har vi bygd opp eit tydelegare uttrykk enn nokon gong, vi skal gjere vårt beste for at Limpå er klar til å møte markedet. Klar til å bli eit eige univers, og klar til å levere gjennomtenkte produkt som er laga for din kvardag. 

Vi håpar vi treffer behovet til deg og andre, og vi håpar vi kan løyse det raskt-enkelt-og til rett pris.

Limpå er fortsatt ein del av Fluor‑Lux, og bærer med seg det same fokuset på kvalitet, pålitelegheit og langsiktig samarbeid. Samstundes er det eit nytt kapittel, bygd på idéar som har fått tid til å utvikle seg skikkelig.

 

Hermine og Vilde

Bekreft handling