Gå til hovedinnhold

Blogg

Studentliv og små ting som gjer ein stor forskjell

Lys rosa notatbok merket med en navnelapp, en penn med matchende navnelapp på, og et ark med små navnelapper ved siden av. Solbriller og småkaker ligger i bakgrunnen.

Det startar som det ofte gjer i studentlivet, med ein dag som egentlig skulle vere ganske strukturert, plan for kva du skal gå gjennom av lesestoff, men som likevel glir litt ut i tankar og dårlig framdrift. Du sit på lesesalen med heile oppsettet ditt rundt deg. Laptop åpen, notatbøker spredd utover bordet, laderen plugga i, og ein drikkeflaske ståande ved sida av. Alt er akkurat slik det skal være. 

Du er midt inne i noke, kanskje eit kapittel som må bli ferdig, eller eit prosjekt du endelig har fått flyt i. Tida forsvinn litt, som ho gjerne gjer når ein verkelig konsentrerer seg. Så ser du klokka som har blitt altfor mykje. 

Du kjenner det med ein gong i kroppen. Den lille stresskjensla som kjem når du forstår at du egentlig burde vært ein annen stad for fleire minuttar sida. Du reiser deg brått opp, pakkar saman tinga dine raskt, nesten automatisk. Laptopen ned i sekken, notata i ein haug, flaska i sidelomma. Du drar ut ladaren, eller trur du i alle fall at du gjer det, før du sleng sekken på ryggen og går. 

Det er ikkje noko stort drama der og då. Du får med deg det viktigaste, kjem deg vidare, og fortsetter dagen din. 

 

Når det slår deg 

Det er først seinare på kvelden at det kjem. Du set deg ned igjen, kanskje for å jobbe litt til, kanskje berre for å få oversikt før neste dag.

Du tek opp laptopen, leitar etter ladaren, og stoppar opp eit sekund. Sekken kjennest plutselig litt tommare enn den burde være. 

Du sjekkar igjen, også kjem erkjenninga. Eg har gløymt laderen din. 

Tankane går automatisk tilbake til lesesalen. Du ser for deg bordet du sat ved, alle dei andre plassane rundt deg. Du veit at den ligg der ein stad, men ingen garranti på at den er der i morgon. 

 

Det er ikkje fordi du har rot i systemet ditt, eller fordi du ikkje bryr deg om tinga dine. Problemet er mykje enklare enn det, og nettopp derfor også litt vanskeligere å handtere.

 

Studentlivet er fullt av standardting. Like datamaskiner, like ladarar, like notatbøker og drikkeflasker. Alt er praktisk, funksjonelt og tilpassa kvardagen, men lite skil seg ut. 

Når du sit der i ro og mak, spelar det egentlig ingen rolle. Men i det øyeblikket ting går fort, eller du må handle raskt, blir det plutselig vanskeligere å vite kva som faktisk er ditt. 

 

Den vesle detaljen som manglar 

Neste dag går du kanskje tilbake til lesesalen. Du ser på bordet, og der ligg det fleire ladarar. Nokre av dei kunne vore dine. Alle ser omtrent like ut.

Men så legg du merke til noko. På ein av dei er det ein liten lapp. Eit namn. Ein enkel detalj som bryt med alt det andre som er likt. Og det er nettopp det som gjer forskjellen. 

Det handlar ikkje om store system, eller om å organisere heile livet. Det handlar berre om å ha nok informasjon til å sleppe å lure. 

 

Små ting du burde merke og kvifor 

Etter ein slik dag begynner ein å sjå annerledes på kva ein faktisk har med seg i sekken. Det er ikkje dei store tinga som skaper frustrasjon, men dei små, dei du alltid bruker, og som alltid ser like ut som alle andre sine. 

Ladaren er kanskje det mest klassiske dømet. Den ligg der, blir brukt av alle, og er nesten identisk same kva merke du har. Det same gjeld hodetelefonar, notatbøker og drikkeflasker. 

Alle desse tinga fungerer fint kvar for seg, men i fellesskap blir dei del av ein kvardag der det er lett å bli usikker. Og det er nettopp det ein liten lapp hjelpar deg med. 

Den vesle forskjellen i ein travel kvardag 

Det handlar ikkje om kontroll. Studentlivet kjem aldri til å vere heilt ryddig. Sekken kjem framleis til å vere full, dagane kjem framleis til å gå litt for fort, og det kjem alltid til å vere noko du gløymer. 

Men når tinga dine er merka, forsvinn ein liten del av stresset. Du slepp å bruke energi på å leite, dobbeltsjekke eller lure på om du har rett ting. I staden skjer det noko ganske enkelt: Du veit med ein gong. 

Navnelappen
Mellomlapp

Bekreft handling